Er du vår nye elektromontør?

LOS Elektro Stord søkjer elektromontør til servicearbeid hjå privat- og næringskundar og nybygg bolig/leiligheter.

LOS Elektro Stord har mange prosjekt på gang, og ønskjer å styrkje laget vårt på service til privat, næring og industrikundar lokalt.  Me tilbyr arbeid innan bustad, bygg og industri.

Arbeidsområdet vil hovudsakleg vere på Stord og omkringliggjande område.

Me treng deg som:

  • Er serviceinnstilt
  • Klarar å handtere mange oppdrag som går parallelt
  • Trivst med ansvar i kvardagen
  • Blir motivert av gode resultat
  • Ønskjer å bidra til ei arbeidsplass i utvikling

Du må:

  • Ha fagbrev som elektrikar (Gr. L)
  • Ha førerkort kl. B
  • Framstå som ryddig og strukturert
  • Ha evne til å finne gode løysingar for kundar og samarbeidspartnarar
  • Kunne kommunisere løysingane på ein klar og god måte

Me tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eigen servicebil
  • Eit godt arbeidsmiljø i eit selskap i vekst
  • Utviklingsmuligheter
  • Konkurransedyktige lønns-, pensjons- og forsikringsordningar

Søknader vil bli behandlet fortløpende.

Søk her

Spørsmål om stillingen

Ragnvald Stokken
Daglig Leder
Mobil: 47 63 38 87

Om arbeidsgiveren

LOS Elektro Stord er eit elektrikarfirma på Stord. Me jobbar med bustad, bygg, industri og maritim elektro i heile Sunnhordland og områda rundt. Firmaet har i dag 19 tilsette.

Service og god oppfølging av kundar er viktig for oss.

Å møte til avtalt tid og levere til avtalt pris er kjerneverdiane våre.

LOS Elektro Stord er ein del av LOS Gruppen, som består av 14 ulike selskap. LOS Gruppen er ein totalleverandør innan elektroinstallasjon, skipsservice og maskinering.

Vi er medlem av elektrikerkjeden EL-proffen