Vi søkjer etter ein flink tavlemontør til vår avdeling i Bergen!
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet vil bestå i bygging av større og mindre elektro- og automasjonstavler på vårt tavleverksted på Midtunhaugen.
Eigenskapar:
Vi ønskjer ein person som er oppteken av kvalitet og yrkesstolthet. Du må kunne ta ansvar og vere effektiv, ryddig og positiv.
Kvalifikasjonar:
Vi ønsker primært søkjarar med som har fagbrev i tavlemontør- eller elektrikerfaget, men andre søkjarar med relevant praksis innanfor t.d. mekaniske fag eller automasjon kan også søkje.
Må beherske norsk muntleg og skriftleg.
Vi tilbyr:
- Gode utviklingsmuligheter i eit godt arbeidsmiljø
- God opplæring og tett oppfølgjing
- Konkurransedyktige betingelsar
- Gode forikrings/pensjonsordningar
Spørsmål om stillingen
Terje Solvang
Avdelingsleder avd Bergen
Mobil: 47 01 11 01
Søknadsfrist: Snarest
Søk her
Om arbeidsgiveren:
Eid Elektro er ein av dei leiande leverandørane av elektrotavler i Norge. Eid Elektro er ein solid og trygg arbeidsplass med lange tradisjonar, god arbeidsmiljø og høg kompetanse. Firmaet har per i dag 101 tilsette og ei årlig omsetning på ca 280 mill. Med våre avdelingar på Nordfjordeid og i Bergen har vi over 5000m2 med moderne produksjonslokaler for tavleproduksjon. På avdelinga vår i Bergen opplever vi vekst og har trong for ein ny medarbeidar. Vi leverer alle typar elektrotavler og skap til store og små byggeprosjekt i Bergen og elles på Vestlandet.
Vi er medlem av elektrikerkjeden EL-proffen

